Har du lyst til å bli ein del av teamet på Selje skule?
Vi har ledig 100 % vikariat frå 01.08.2026, som lærar 1. - 7. trinn, basisfag og kontaktlærar skuleåret 2026/27
Selje skule ligg i Selje sentrum og er ein 1-10-skule med om lag 140 elevar. Vi er opptekne av at alle elevane ved skulen skal trivast og tilhøyre fellesskapet. Dei tilsette er positive til utvikling og arbeider tett saman i team i eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden.
Dei som vert tilsette må leggje fram politiattest av nyare dato.
Stad kommune har prøvetid.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon ta kontakt med rektor Per Kenneth Hovdevik tlf 468 98 848.
Per Kenneth Hovdevik, Rektor Selje skule, 46898848, per.kenneth.hovdevik@stad.kommune.no
Fv618 169
6740 Selje
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5123600574
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.05.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!