Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø, er dette jobben for deg!
Omsorgsenteret har i dag totalt 43 plassar fordelt på langtid, korttid, demens, avlastning, KAD og palliative rom.
Som helsefagarbeider på omsorgsenteret jobbar du med bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser. Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande. Som helsefagarbeidar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vanylven helse- og omsorgssenter har god fagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling. Vi har tett samarbeid med sjukeheimslege med legevisitt to gonger i veka, har eige laboratorium for prøvetaking.
Er du innovativ, jobbar for kontinuerlig forbetring, og kan bidra med nye idear og perspektiv i utvikling av tenesta? Då ynskjer vi akkurat deg med på laget!
Arbeidet inneber per tiden to delt turnus med vakter på dag og kveld. Med arbeid kvar tredje helg eventuelt komprimert turnus med langvakter og arbeid kvar fjerde helg. Vi har årsturnus noko som skaper forutsigbarhet for deg som arbeidstakar. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassast etter ynskje.
Vanylven helse-og omsorgssenter er lokalisert på Fiskå, bygget sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vi ønsker deg velkommen til vårt team! Send inn søknad og bli ein del av ein arbeidsplass med dyktige kollegaer, faglege utfordringar og ein meiningsfull kvardag.
Katrin Brekke Sunde, avdelingsleiar avd. 2, +47 70030221, katrin.sunde@vanylven.kommune.no
Rådhusvegen 1
6143 Fiskå
Arbeidsgivar: Vanylven kommune
Referansenr.: 5138620990
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!