Eide Helsetun er ein av sjukeheimane i Ullensvang kommune og ligg sentralt til i Odda. Sjukeheimen har moderne og trivelege fasilitetar, eit godt fagmiljø og engasjerte medarbeidarar som kvar dag arbeider for å gje bebuarane våre trygge og gode tenester.
No søkjer vi etter fleire medarbeidarar til vikariat i ulike stillingsstorleikar. For dei rette kandidatane kan det på sikt vera moglegheit for fast tilsetjing.
Vi har fylgjande ledige stillingar:
100% stilling - 1 års vikariat
80% stilling, natt - 1 års vikariat
50% stilling - 1 års vikariat
Med mulighet for fast tilsetjing.
Stillingane innehalder arbeid i turnus, med dag, kveld, og helg.
Nattevakter jobber vanligvis kun natt.
Arbeidsoppgåver
Pleie og omsorg til bebuarar
Bidra til å skapa tryggleik, trivsel og aktivitet
Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre faggrupper
Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar
Bidra til eit godt arbeidsmiljø og fagleg utvikling
Kvalifikasjonar
Vi ønskjer søkjarar med:
Autorisasjon som helsefagarbeidar, ufaglærte kan og søka.
Studentar innan helse- og sosialfag
Erfaring frå helse- og omsorgsarbeid er ein fordel
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - B2
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi ser etter deg som
Er omsorgsfull og trygg i møte med mennesker
Er ansvarsbevisst og løysingsorientert
Har gode samarbeidsevner
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Er fleksibel og ønskjer å utvikla deg fagleg
Vi tilbyr
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Moderne og trivelege arbeidslokale
Faglege utfordringar
Opplæring og rettleiing
Løn etter gjeldande avtaleverk
Moglegheit for fast tilsetjing kan bli aktuelt
Etter avtale
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema:
Søk her- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49