Einingsleiar Dalsøyra barnehage og skule
Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, har ledig i inntil 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande frå medio august 2026. Stillinga er i utgangspunktet planlagt med oppgåver knytt til SFO og skule, men det kan også vere aktuelt med oppgåver innan barnehage. Stillinga har ikkje komprimert arbeidstid.
Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule, inkludert SFO, og to barnehagar, ein på Dalsøyra og ein i Hovden. Sjå Dalsøyra skule - Gulen kommune for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Arbeidsoppgåvene/- områda vil variere alt etter om oppgåvene er knytt til SFO, skule, barnehage eller med enkeltborn. Det vil også kunne vere ulikt krav til sjølvstendig oppgåveløysing avhengig av om ein jobbar på SFO, skule eller i barnehagane. Til dømes vil fagarbeidaren i større grad ha i oppgåve å planlegge aktivtetar når ein er åleine som vaksen ved SFO, enn når ein jobbar saman med fleire vaksne/ulike yrkesgrupper.
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.