Hovudkontoret ligg i Høyanger tettstad med 5 fastlegar, LIS1- lege, kommuneoverlege og 40% tilsynslege ved ein institusjon /helsestasjonslege. Legetenesta har helsepersonell som sjukepleiarar/helsefagarbeidar og laboratorium. I tillegg er det utekontor i Lavik og Søreide som vert betjent med lege og helsepersonell frå hovudkontoret i Høyanger. Vi har moderne IKT- system og har eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 100% stilling frå medio august 2026.
Arbeidstidsordning: dagtid.
Stillinga er stasjonert i Høyanger, men den som ver tilsett må pårekne arbeid også på utekontora.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Lurer du på korleis det er å arbeide ved legetenesta eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt Siri Maureira på tlf 478 72 806 (kl. 08.00-15.30) hennar erfaringar.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Link til søknadsskjema:
Søk herLegetenesta i Høyanger har 6 kommunelegar og ein turnuslege som held til i Høyanger helsesenter som er lokalisert midt i Høyanger tettstad. Legetenesta har også utekontor i Bjordal og Lavik. Kontoret har helsesekretærar, sjukepleiarar og laboratorium med bioingeniør. Vi har moderne IKT-system og eit godt arbeidsmiljø.