Me søker ein sjølvstendig, engasjert og løysingsorientert kontaktperson i 100 % fast stilling. Stillinga er ledig med tilsetjing frå snarast.
Stillinga er i dag organisert i Aurland og Lærdal barnevern, som er ei avdeling i kommunalområdet oppvekst. Aurland er vertskommune for den eksisterande interkommunale tenesta.
Samtidig står vi framfor ei viktig utvikling:
Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal etablerer frå 1. januar 2027 ei ny felles barnevernsteneste. Sogndal kommune vert vertskommune, og tenesta vil ha kontorlokasjonar på begge sider av Sognefjorden.
Dette gir ei unik moglegheit til å vere med frå starten og bidra aktivt i utviklinga av ei framtidsretta barnevernsteneste. Stillinga vert vidareført i den nye tenesta.
Som kontaktperson vil du arbeide med oppfølging av barn, unge og familiar, og samarbeide tett med både interne og eksterne samarbeidspartnarar. Du vil bli del av eit større og styrka fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, samarbeid og erfaringsdeling på tvers av kommunar og tenester.
Den nye interkommunale tenesta skal:
Saman skal me bygge ei teneste som gir betre kvalitet, mindre sårbarheit og sterkare kompetanse til beste for barna i regionen.
Lista er ikkje uttømmande.
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIPersonlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.