Beskrivelse
Valdres vidaregåande skule har ledig inntil 100% undervisningsstilling i matematikk. Deler av stillinga er fast og deler av stillinga er vikariat for skuleåret 2026-2027
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema:
Søk herValdres vidaregåande skule har utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, helse- og oppvekstfag, restaurant- og matfag, samt teknikk og industriell produksjon. Skulen har også en avdeling for tilrettelagt opplæring/ spesialundervisning.
Skulen har ca 400 elevar og 100 tilsette.
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a