Me søker ein tydeleg og trygg styrar i fast 100% stilling i Onarheim barnehage.
Onarheim barnehage er ein kommunal barnehage i Tysnes kommune, med eit oversiktleg og trygt miljø og nær tilknyting til natur og nærmiljø. Barnehagen held til i eit nytt og moderne bygg frå 2024 og har dette barnehageåret ein avdeling med 24 plassar for barn mellom 1 og 6 år. Det blir lagt vekt på leik, trivsel, inkludering og gode relasjonar i tett samarbeid med foreldre og lokalmiljø.
Styrar har det dagleg ansvaret for leiing og utvikling av barnehagen, og skal sikre at verksemda driv i tråd med barnehagelova, rammeplanen og kommunen sine mål og satsingar. Rollen inneber òg samarbeid med skule, PPT og andre samarbeidspartnarar, samt å ta del i det pedagogiske tilbodet i barnehagen.
Stillinga er ledig frå 01.08.2026.
Ønskelege kvalifikasjonar
Ved ei eventuell tilsetjing må du legga fram:
Me ser etter deg som:
Hos oss får du ei meiningsfull og variert leiarstilling der du kan påverka utviklinga av barnehagen. Du blir ein del av eit godt fagleg miljø i Tysnes kommune, med samarbeid på tvers av barnehagane. Du får høve til fagleg utvikling og støtte i leiarrolla.
Stillinga er plassert i kapittel 3, med lønn etter avtale og årlege lønnsjusteringar etter lokale forhandlingar. Stillinga er unormert og det vert såleis tildelt 5 kompensasjonsdagar per år.
Tilsetting hos oss gir medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, med gode forsikringsordningar og dessutan moglegheit for gunstige lån.
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom distriktskommunar. Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller det er noko du lurer på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersoner
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.