Om stillinga
Gulen kommune har ledig 100% vikarstilling som sjukepleiar, frå snarast/etter avtale til 31.07.2027, for tida ved Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Turnus med arbeid kvar 4. helg (langvakter).
Kommunen tilbyr løn over tariff for sjukepleiarar som jobbar turnus. Me har også, for tida, ekstra helgekompensasjon for gått vakt.
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.
Arbeidsoppgåver
- Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
- Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
- Medikamentadministrasjon
- Andre sjukepleiefaglege oppgåver
- Avløysar for avdelingssjukepleiar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Førarkort klasse B
- Gyldig politiattest
- Negativ MRSA/TBC før oppstart
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon.
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering