Er du engasjert i barna sin oppvekst og vil vere med å sørge for eit variert og godt innhald i skulefritidsordninga?
Svortland skule har ledig 32% fast stilling som miljøarbeidar. Behovet er i hovudsak på SFO etter skuletid kvar dag frå kl 13 -16. Me ser etter deg som trivst i arbeid med barn og unge, som har lyst til å bidra til å utvikle eit trygt og inkluderande miljø i skulefritidsordninga.
Svortland skule er Bømlo sin største barneskule med 323 elevar og 54 tilsette. Skulen har elevar frå mange ulike land kor ca. 30% av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn og me har innføringstilbod for nyankomne minoritetsspråklege elevar. Det er omlag 105 elevar som skal ha SFO tilbod skuleåret 2026/2027.
Skulen ligg sentralt på Svortland, med gode nærområde for aktivitet og læring. Like ved finn du Svortlandsmarka, Sentralidrettsanlegget, barnehagar, ungdomsskule og vidaregåande skule.
Oppstart 01.08.26 eller etter avtale.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Me ser etter deg som:
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Andre opplysingar
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor ved Svortland skule, Kari Østensen.
Kari Østensen, Rektor Svortland skule, 993 86 606
Idrettsvegen 100
5430 BREMNES
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 5139223622
Stillingsprosent: 32%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
ForsikringBømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.