Attraktiv turnus: 2 veker på, 2 veker av. Likar du å arbeide operativt og løsningsorientert? Her får du ein fagleg utfordrande jobb med stort læringsutbytte.
Som maskinsjef på reservefartøy er du ein nøkkelperson som bidrar til å halde reservefartøy klar til operativ drift. Det inneber vedlikehaldsarbeid og systemarbeid. Du bidrar til å følgje opp reservefartøyet MF Eira, som har base på Bolsønes vertf i Molde. I tillegg vert du utsjekka på fleire rutegåande fartøy i nærleiken av Molde. Ved behov bidrar du til å oppretthalde drift på desse fartøya.
Stillinga gjer deg moglegheita til å byggje kompetanse på ei rekke ulike fartøy, konvensjonelle og elektriske. Det er 84/t arbeidsveke i ordinær skiftplan, der du arbeider fra 08:00-20:00. Dersom du går vakter på andre fartøy i rutepakken følgjer du relevant fartøy sin skiftplan.
Søker bør bu lokalt.
Kvifor bør du søke?
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Fannestrandvegen 66
6416 Molde
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5098051315
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 18.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.