Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig 30% fast undervisningsstilling i engelsk frå 1. august 2026. Stillinga kan kombinerast med andre ledige stillingar ved skulen.
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Link til søknadsskjema:
Søk herNord-Gudbrandsdal vidaregåande skule er lokalisert sentralt på Otta i Sel kommune.
Skulen tilbyr seks ulike utdanningsprogram og har om lag 350 elevar og 70 tilsette.
Skulen vart nyrenovert i 2010, og dei moderne lokala legg til rette for gode læringsmiljø og eit godt læringsarbeid.
Målet er å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og tett samarbeid med næringslivet.
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a