Landbruksvikar på gardsbruk i Kvinnherad og på Tysnes.
Vi ser etter deg som har gardserfaring frå tidlegare, er utdanna agronom, eller generelt har lyst til å jobbe med landbruk.
God fysisk helse og arbeidsmoral er eit krav i jobben.
Vi treng ein person som likar å jobbe med dyr, og som kan ta i eit tak på garden når bonden vil ha fri, eller treng ekstra arbeidskraft.
Søkar må kunne beherske norsk eller engelsk både munntleg og skiftleg.
Landbrukstenester Folgefonna søker på vegne av bøndene i på Tysnes og i Kvinnherad etter landbruksvikar som skal arbeide fast på enkelte bruk i nokre periodar, i tillegg til å vere i beredskap ved sjukdom.
Jobben består av mjølking av kyr, fôring av storfe og sau, i tillegg til forefallande arbeid, slått og vårarbeid.
Størrelsen på gardsbruka er frå små til mellomstore. Lausdrift og båsfjøs.
Det er eit krav at arbeidstakar har sertifikat kl B. Og ein fordel om arbeidstakar har sertifikat i kl T.
Det er ønskeleg at den som søker er busett på Tysnes, eller på nordsida av Hardangerfjorden (Hatlestrand, Ølve eller omegn). Men vi ønskjer likevel at alle som er busett i Kvinnherad søker på jobben, då vi er behjelpelege med koordineringa av kor ein arbeider.
Jobben passar godt for ein person som likar å vere aktiv i jobben, trivs med dyr, og som vil produsere mat til den norske befolkning.
Lønn etter tariff, vi har gode helseforsikringar.
Firmabil kan vi vere behjelpelige med.
Landbrukstenester Folgefonna er eit avløysarlag som hjelper bøndene med å skaffe arbeidskraft til sjukdom eller ferie og fritid. Vi har ansvar for 15 kommunar, i Hallingdal og Hardanger.