Ved tilrettelagde tenester i Kviteseid kommune arbeider det vernepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar og assistentar som gir helse- og omsorgstenester til menneske med utviklingshemming. Vi har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og avlasting. Me arbeider med målretta miljøarbeid og personsentrert praksis.
Me søkjer no ein engasjert, trygg og sjølvstendig helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar i 100 % fast stilling.
Stillinga er i turnus (35,5 time/veke) med arbeid kvar 3. helg og er ledig frå 17.08.26. Det kan opnast for at ein kan starte før dersom søkjaren ynskjer det.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kommunen legg vekt på psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Unni Elisabeth Øygarden, Einingsleiar Tilrettelagde tenester, 90251683
Kviteseidgata 13
3850 Kviteseid
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5125105284
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.