Er du vår nye sjukepleiar? Vi tilbyr fagleg utvikling og rekrutteringstillegg på 35 000 kroner.
Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med eit godt arbeidsmiljø og med engasjerte og dyktige medarbeidarar. Her er 71 plassar og fordelt på 3 avdelingar, korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta blikk, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus.
Vi søkjer deg som:
Ynskjer å jobbe på ei spennande og lærerik arbeidsstad som ein del av eit fagleg sterkt og inkluderande team. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe Er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig.
Og:
Du må søke elektronisk.
Tilsettinga skjer ved dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjortunntaksvisog du må grunngje kvifor du skal unntakast offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.