Vi har ledig 100 % fast stilling for sjukepleiar med vidareutdanning innan psykisk helsearbeid og/eller rusbehandling.
Stillinga inngår i eit arbeidsfellesskap saman med andre spesialsjukepleiarar, psykiatrar, psykologspesialistar med fleire.
FACT DPS Ålesund er ein del av DPS Sunnmøre. Vi gir tilbod om utgreiing og behandling i pasienten sitt heimemiljø. Vi har ei tverrfagleg tilnærming i behandlinga og legg vekt på tett samarbeid med pasient, pårørande og kommunale tenester.
Vi har kontor på Digernes Næringsområde i Ålesund kommune og tilbyr ambulante spesialisthelsetenester på Nordre Sunnmøre. Som ein del av distriktspsykiatrien reiser vi rundt frå Geiranger i søraust til Ona i nord og Alnes i vest. Dei to teama i seksjonen dekker kvar sitt geografiske område som til saman omfattar vel 100.000 innbyggarar fordelt på sju kommunar.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Ronald Longva, Seksjonsleiar, +47 70173190, Ronald.Longva@helse-mr.no
Digernes Næringsområde 9
6260 Skodje
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5141206937
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2026