Nav fylkeskontor Vestland har det overordna ansvaret for å gjennomføre arbeids- og velferdspolitikken i fylket, og har styringsansvar for ni regionar og ei spesialeining. Fylkeskontoret held til i Bergen og består av om lag 45 tilsette fordelte på fire avdelingar: HR og organisasjon, partnarskap og kommunikasjon, fag og tenester samt økonomi og analyse.
No søkjer vi ein engasjert og fagleg sterk HR‑jurist med juridisk kompetanse og eit ønske om å bidra breitt innan HR‑faget.
I denne rolla blir du ein sentral fagressurs for leiarar i Nav Vestland gjennom rådgiving og støtte i arbeidsrettslege spørsmål. Samstundes blir du ein aktiv del av HR‑teamet, der du samarbeider tett med HR‑rådgivarar og vår andre jurist. Du vil få eit variert arbeidsfelt og bidra i utgreiingar, personalsaker, omstillingsprosessar og utviklingsarbeid ute i organisasjonen.
Som HR‑jurist hos oss får du kombinere juridisk spisskompetanse med praktisk HR‑arbeid i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan HR, HMS, leiarstøtte og innovasjon. Du får ein variert arbeidskvardag, gode moglegheiter til å vidareutvikle fagområdet – og høve til å påverke utviklinga av Nav i heile Vestland.
Frå juni flyttar vi inn i nye, moderne lokale i Solheimsviken.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kathrine Martinsen, Avdelingsdirektør HR og organisasjon, 40239734, Kathrine.Martinsen@nav.no
Solheimsgaten 7E
5058 Bergen
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5125020006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling