Poliklinikken er ein av to allmennpoliklinikkar og er organisert i fire allmennpsykiatriske team. Poliklinikken er tverrfageleg samansatt med overlegar, lege i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar og psykiatriske sjukepleiarar.
Poliklinikken tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakt, sjukehus og private spesialistar. Vi har tett samarbeid med øvrige kliniske einingar i Kronstad DPS, som gruppepoliklinikk, døgneiningane og seksjon for akutte tenester.
Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima, eit godt arbeidsmiljø og brei kompetanse mellom anna innan gruppepsykoterapi, psykodynamisk psykoterapi, kognitiv terapi, psykoedukasjon, traumebehandling og biologisk behandlingsmetodar. Det er etablert eit sosionomfaglig nettverk i DPSet, og det vil være eit tett samarbeid mellom sosionomane i fagområde allmennpsykiatri.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Per Birkhaug, Ass. seksjonsleiar, +47 92411715
Fjøsangerveien 36
5053 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5141118775
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 28.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.