Har du eit brennande engasjement for elevane si læring og trivsel? Vil du vera med å byggje eit sterkt fagmiljø der relasjonar, meistring og utvikling står i sentrum? Då vil me gjerne høyre frå deg.
Fløgstad skule har ledig eit 80% vikariat som lærar frå 01.08.2026-31.07.2027. Me søkjer ein engasjert og motiverande lærar som ønskjer å bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande læringsmiljø for elevane våre.
Personlege dugleikar vil bli vektlagt.
Ein spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskap
Pensjonsordning i SPK
Gode forsikringsordningar
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune oppfordrar alle kvalifiserte kandidater til å søkja stillinga, uavhengig av kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.
Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dersom du ber om unntak frå offentleggjering i søknaden, og ønsket ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli informert, jf. Offentlegheitslova §25.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema:
Søk herSauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.