Vardheia ungdomsskule søkjer ny avdelingsleiar i 100 % fast stilling. Me ser etter ein leiar som brenn for å vidareutvikle ein skule med ein tydeleg pedagogisk profil tufta på det praktiske, det kreative og det digitale, der me lar oss inspirera av tankane til mellom anna Ken Robinson, Mitch Resnick og Seymour Papert.
Vardheia opna i 2021 og er bygd gjennom samarbeid mellom Klepp og Time kommune, med plass til 450 elevar frå begge kommunane. Organisatorisk høyrer vi til i Timeskulen og er del av leiarnettverket i Jærskulen saman med ungdomsskulane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal.
Skulebygget er utanom det vanlege. Første etasje er sett av til dei praktiske faga, bygd etter modell frå vidaregåande skule, med velutstyrte verkstader for metall og mekaniske fag, bygg- og trefag, storkjøkken og restaurant, og ei tradisjonell kunst- og handverksavdeling. Eit stort skaparverkstad med maskinar og produksjonsutstyr som også vert brukt i næringslivet, gjev grunnlag for arbeidslivsfag på eit nivå få ungdomsskular har høve til. I andre etasje er undervisningsromma organisert fagvis. Sentralt i bygget ligg kantine og sceneområde, læringslab og mediatek – område som vert brukt aktivt både fagleg og sosialt gjennom skuledagen. Skulen er omtalt i Utdanningsnytt (sjåhttps://www.utdanningsnytt.no/hovedsak-praktisk-undervisning-ungdomsskole/vardheia-ungdomsskole-er-bygget-som-en-yrkesfaglig-skole-med-verksteder-storkjokken-og-restaurant-1/308608).
Me har om lag 370 elevar og rundt 55 tilsette med solid og brei kompetanse, mykje energi og stor interesse for å skape unike læringsprosessar. Tverrfagleg arbeid og anerkjenning av ulike talent er berande prinsipp i kvardagen vår.
Det store oppdraget og målet i oppvekst i Time er at elevane skal fullføra vidaregåande opplæring for vidare utdanning og arbeid. Sjølv om det er eit stykke fram til elevane på Vardheia ungdomsskule skal fullføra vidaregåande opplæring, er kvar dag ein god dag for livet her og nå, og eit grunnlag for at elevane skal lukkast når dei går vidare. Formålet i skulen er danning og utdanning, og dette ansvaret kan ingen bæra åleine. På Vardheia ungdomsskule har me eit tverrfagleg team, "Laget rundt læraren og eleven", som består av skulen si leiargruppe, operativ sosialfagleg ressursperson, helsesjukepleiar og PPT-kontaktperson. Laget samarbeider tett i arbeidet med førebyggande tiltak, og bistår skulen med å løysa utfordringar.
Som avdelingsleiar inngår du i ei leiargruppe med rektor og to andre avdelingsleiarar. Me har brei og lang erfaring som skuleleiarar, og me ønskjer ein kollega som både kompletterer og utfordrar oss. Stillinga inneber ansvar for dagleg drift, resultatoppfølging, personaloppfølging og pedagogisk utviklingsarbeid på eit trinn, saman med resten av leiargruppa
Arbeid med ressursfordeling, ITO- og sosialpedagogisk oppfølging er viktige driftsoppgåver gjennom heile året. Andre oppgåver vert fordelte etter kompetanse, erfaring og skulen sine behov. Det kan ligga noko undervisning til stillinga.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
ein etablert skule med tydeleg pedagogisk grunnsyn og høg fagleg kvalitet
ei engasjerande leiargruppe med rom for fagleg utvikling og eigne initiativ
leiaransvar for dyktige tilsette med mykje energi og initiativ
moderne lokale og fasilitetar utanom det vanlege
nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i kontinuerleg utvikling
løn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsordningar
gratis parkering og kort avstand til Bryne stasjon
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Eirik Jåtten, Rektor, 47309795, eirik.jatten@time.kommune.no
Nordlysvegen 10
4340 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5123208702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.