Vil du vere ein del av eit sterkt fagmiljø der pasienttryggleik, kompetanse og samarbeid står i sentrum?
Intensivseksjonen ved Ålesund sjukehus har no ledig to 100% faste stillingar som intensivsjukepleiar.
Intensivseksjonen i Ålesund er ei beredskapsavdeling med høg fagleg standard og eit engasjert team. Vi behandlar kritisk sjuke pasientar og deltek i hjartestans-, slag-, barn-, MIT-, traume- og MET-team. Hos oss får du:
Intensivseksjonen er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus og omfattar Kirurgisk intensiv, Postoperativ seksjon og Medisinsk intensiv/hjarteovervaking. Som intensivsjukepleiar hos oss, vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø som samarbeider i team med andre faggrupper som til dømes anestesilegar, medisinarar, kirurgar, fysioterapeutar og fleire. Vi set fag i fokus og god opplæring vert prioritert. Stillingane inngår i turnus (dag/kveld/natt/helg).
Vil du arbeide saman med oss i eit spanande fagfelt? Send oss ein søknad i dag!
Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Marit Vatsaas Vinje, Seksjonsleiar, +47 70 10 55 23, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017 Ålesund
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5128902397
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2026