Me har ledig helsefagarbeidar knytta til team som gjev tenester til ein ung brukar 24/7. Brukar har personale med seg på skule og i heimen. Teamet er godt etablert i dag med faste tilsette -der nokre har delar av stillinga i ordinær heimeteneste i tillegg til team, og andre heile stillinga si i team.
Teamet er organisert i heimetenesta avdeling Alversund/Seim. Avdelinga er lokalisert på gamle Alversund skule. Avdelinga har tilsette som gjev tenester til heimebuande og til enkeltbrukarar med fast personale rundt seg. Dei tilsette består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelp og assistentar som til saman gir gode tenester til sine brukarar. Avdelinga har fokus på fagleg kvalitet og eit godt arbeidsmiljø, og jobbar tett saman med andre avdelingar i heimetenesta og tverrfagleg ut mot andre tenester.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med Alver kommune!
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneSom medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.