Fellesrådet blei etablert i 2020, og består av 5 sokn. Sjå kyrkja.no/alver for meir informasjon. Radøy sokn omfattar kyrkjelydane Hordabø, Manger og Sæbø. Kontoret og møtelokale er i sentrum av Manger. Soknet har vel 5000 innbyggarar og 4000 medlemmar i Dnk.
Diakonen er ein del av staben på kyrkjekontoret. Radøy sokn har eit Utval for diakoni og misjon som diakonen samarbeider tett med, og det er jamlege diakoniutvalsmøter gjennom året. Diakonen samarbeider også med lokale frivillege og offentlege instansar.
Vi ønsker at vikaren skal gå inn i mange av dei oppgåvene som den faste diakonen arbeider med. Kva oppgåver som skal bli prioriterte, må bli drøfta med den som går inn i vikariatet.
Diakonen er óg ein kompetanseressurs i heile fellesrådsområdet, og kan få oppgåver i tilknytning til dei andre sokna i Alver.
Vi lyser dette ut som 60%-80%, og er fleksible innafor det, avhengig av søkar sine ønsker og kvalifikasjonar.
Aktuelle oppgåver, avhengig av stillingsstorleik og kvalifikasjonar:
Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Du må kunne disponere bil.
Grethe Lunde, dagleg leiar, 90613452
Gudveig Kartveit Sundsbø, diakon, 93840587
Idrettsvegen 1A
5936 Manger
Arbeidsgiver: Alver kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 5122305539
Stillingsprosent: 60%
Vikariat
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026