Vi ser etter deg som set pasienten i fokus, som trivast med utfordringar, er fagleg dyktig, og som likar å arbeide i eit travelt miljø med mykje ansvar.
Sommaroppdraga varar normalt 4-8 veker og typiske oppdrag vil vere i ekspedisjon, poliklinikk og på sengepost. Behovet er størst i veke 25-33. Ved behov kan det vere aktuelt med oppdrag før/etter sommaren 2026. Oppdraga vil vere ved somatiske einingar knytt til Haukeland universitetssjukehus og Divisjon psyksik helsevern.
Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge og kva veker du kan jobbe. Kandidatatar som kan jobbe samanhengande vil bli prioritert.
Du kan lese meir om dei ulike avdelingene
her.Skadepoliklinikken - I Bergen Helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken Helse Bergen og Bergen legevakt, den allmennmedisinske legevakta til Bergen kommune. Skadepoliklinikken behandlar akutte skadar i armar og bein, som brot og forstuvingar, kutt, sår og brannskadar.
Kontakt: Trude Karlsen, tlf. 47157546.
Augeavdelinga tilbyr utgreiing og behandling av ulike augesjukdommar og skadar hos barn og vaksne. I Augebygget finn du poliklinikk, operasjon, dagkirurgi og vakteining for øyeblikkelig hjelp (ØH). Sengepost for augepasientar er i Sentralblokka 5.etg, i lag med Hovude-hals og kjeve. Pt dagarbeid.
Kontakt: Susanne Varga, tlf. 41667022.
Senter for nukleærmedisin/ PET er ein integrert del av Radiologisk avdeling, og utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke. I tillegg har vi regionalt ansvar og landsfunksjon for deler av verksemda. Senteret utfører alle tradisjonelle nukleærmedisinske og PET-undersøkingar i kombinasjon med CT, MR og ultralyd, inkludert ultralydrettleia biopsiar. Senteret har to PET/CT-maskiner (Biograph Vision og Quadra), PET/MR (Biograph One), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ultralyd (Canon Aplio i700). Senteret arbeider tverrfagleg og har ca. 40 medarbeidarar, eigen legemiddelfabrikk for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi.
Kontakt: Cecilie Brekke Rygh, tlf. 55970905.
Arbeidsoppgåvene kan varierer frå avdeling til avdeling
Personlege eigenskapar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Sigrun Hoem Evensen, Seksjonsleiar, +47 90740524
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5140578927
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.