Kvinne på 42 år søkjer personlege assistentar til ein variert og meingsfull kvardag. Kanskje har du møtt kjærleiken i Ullensvang? Eller har du forelska deg i naturen, fjella og fjorden? Då har eg jobben for deg.
Eg er ei aktiv kvinne på 42 år med to barn. Eg er avhengig av rullestol og treng nokon som kan vera mine armar og bein, slik at eg kan vera politikar, mamma og skribent og leva det livet eg ynskjer.
Eg har ledig ei fast stilling på 100 %, og det er òg behov for fleire assistentar på tilkalling.
Det er viktig at assistenten som blir tilsett i fast stilling har moglegheit til å vera med på både turar med og uten overnatting i ny og ne.
Arbeidstida vil stort sett vera på dagtid, men noko arbeid på kveld, helg og natt kan førekoma.
Eg er ei positiv dame med mange jern i elden. Eg elskar musikk, konsertar og å vera med vener. Samstundes treng eg av og til å gira ned mellom slaga, gjerne med Netflix.
Politikken og familien tek det meste av tida mi. Eg er til tider energisk, men òg ein person som treng mykje ro. Eg elskar bøker, så du blir truleg med på litteraturfestival, kafébesøk med vener og mykje køyring for å fylgja opp borna.
Køyra bil
Vera med på jobb og andre reiser
Husarbeid
Assistanse i samband med måltid
Lette løft kan førekoma
Bistå meg i rolla som mamma
Du må ha førarkort
Du likar huslege oppgåver og ein fleksibel kvardag
Du er positiv og punktleg
Grunna arbeidets art blir kvinner oppmoda til å søkja
Eg har katt, så det er viktig at du ikkje er allergisk
Har du noen spørsmål om stillingen? Da er det bare å ta kontakt! Vi ser frem til å ta imot søknaden din.
Kontaktinfo
Navn: Stine Damsgård Tjelta
Mail: stine.damsgard.tjelta@stendi.no
Stendi Assistanse er et av Norges største leverandører av assistanse- og hjemmetjenester til mennesker med hjelpebehov. Vi leverer tjenester på vegne av det offentlige. Gjennom vårt arbeid ønsker vi å gjøre verden litt bedre, ett menneske av gangen. Sammen med våre oppdragsgivere skaper vi en trygg omsorg som ivaretar alle!
Vi har et landsdekkende tjenestetilbud innen brukerstyrt personlig assistanse (BPA) og hjemmebaserte tjenester.