Jølster Idrettslag søkjer ein engasjert, omgjengeleg og strukturert dagleg leiar. Rolla passar for deg som ynskjer å vere med på å utvikle ein frivillig organisasjon, og bidra til vidare utvikling av idrettslaget.
Sponsorarbeid og søkje midlar for idrettslaget og undergruppene.
Bidra til godt samarbeid mellom styret, undergrupper og frivillige.
Enklare administrative oppgåver.
Har interesse for idrett og frivilligheit.
Er strukturert og sjølvstendig.
Samarbeider godt med andre og bidreg til eit positivt miljø.
Gjerne har erfaring frå organisasjons-, styre- eller administrasjonsarbeid (ikkje eit krav).
Ei viktig rolle i lokalmiljøet.
Moglegheit til å påverke utviklinga av idrettslaget.
Fleksibel arbeidstid og arbeidsstad tilpassa ein deltidsstilling.
Løn og oppstart etter avtale.
**Spørsmål?**Ta kontakt med leiar i Jølster IL, Finn Årdal.
Jølster Idrettslag er eit lokalt idrettslag med 740 aktive medlemmar, fordelt på 13 undergrupper innan ball-, vinter- og sommaridrettar.