Avdelingsleiar tilrettelagte tenester
I tilrettelagte tenester har vi ledig ei fast 100 % stilling som fagarbeidar. Tenesta gir oppfølging til brukarar med ulike bistandsbehov, med vekt på individuell tilpassing og respekt for den enkelte sine behov og ynskje.
Trivst du med faglege diskusjonar, gode kollegaer og ein meiningsfull arbeidskvardag?
Da er du hjarteleg velkomen til å søkje jobb hjå oss!
Stillinga inneber arbeid i 3-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg.
Du vil vere ein del av eit fagmiljø der samarbeid, refleksjon og utvikling står sentralt, og der vi jobbar saman for å gi gode og tilpassa tenester til brukarane.
Målretta miljøarbeid og oppfølging i tråd med brukarane sine behov og ynskje, vedtak og gjeldande lovverk
Delta i planlegging og gjennomføring av dagtilbod, arbeid og aktivitetar
Bidra til struktur og gode rammer i kvardagen til tenestemottakar
Samarbeid med kollegaer, pårørande og andre samarbeidspartnarar
Dokumentasjon og fagleg refleksjon i det daglege arbeidet
Fagbrev innan relevant fagområde
Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
Førarkort klasse B
Det er krav om politiattest
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
Vi ser etter deg som
Har gode samarbeidsevner, men også evne til å arbeide sjølvstendig
Er raus, løysingsorienter og trygg i møte med utfordringar
Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing
Bidreg aktivt til eit godt erbeidsmiljø
Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Moglegheit for faglege diskusjonar og utvikling i lag med kollegaer
Ein arbeidsplass der det er rom for å utvikle seg
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Norge, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!