Er du ein sjølvstendig, strukturert lagspelar, som brenner for læring og kompetanseutvikling? Ei av våre kollegaer skal ha permisjon frå oktober, og vi søkar derfor ein rådgivar som vil vere med å styrke Forsvarsmateriells kompetanseutviklingstilbod. Vikariatet er 12 månader, med mogelegheit for forlengelse.
Som kompetanserådgivar blir du jobbe for utviklinga av læringstilbodet vårt. Du støttar og rådgir fagmiljøa våre i utvikling av kompetansetiltak, slik at vi har best mogelege føresetnader for å levere på oppdraget. I Forsvarsmateriell vil du ha mogelegheit til å arbeide med eit bredt spekter av oppgåver innanfor kompetansefeltet.
Som kompetanserådgivar vil du utvikle og etablere relevante læringsarenaer, og arbeide med nytilsettdagen i tett samspel med dyktige kollegaer i HR-seksjonen. Du vil inngå i eit team med kompetanserådgivar, og vil samarbeide tett med andre fagpersonar på tvers av etaten og i sektoren. I HR-seksjonen sit vi på ulike lokasjonar, og du må trivst med mykje digital samhandling.
Ønska oppstart 01.09 eller etter avtale.
Ønska kvalifikasjonar:
For oss er personlege eigenskapar minst like viktig som utdanningsbakgrunn og erfaring du kjem med. Vi ser etter deg med som er
lyttande og nysgjerrig, og god til å prioritere. Som kompetanserådgivar er det viktig å vere strukturert og løysingsorientert i møte med komplekse arbeidsoppgåver. Du er ein lagspelar, som deler kunnskap med dei rundt deg og arbeider godt sjølvstendig. Med sterke kommunikasjons- og samarbeidsevner arbeider du for å oppnå det beste for etaten.Lønssetting etter Statens lønnsregulativ som rådgivar kode 1434, lønnsspenn fra kr 650 000,- til kr 810 000,- brutto pr. år. Lønnsplassering etter kvalifikasjonar og Forsvarsmateriells lønspolitikk. For særleg godt kvalifiserte søkare kan høgare løn bli vurdert. Det blir trekt to prosent lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.
Våre tilsette kjenner seg igjen i etiske retningslinjer for statstenesta og vil vere gode ambassadørar for Forsvarsmateriells verdar vidsyn, openheit, respekt, ansvar og mot.
Vi ønsker eit variert og mangfaldig arbeidsmiljø og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke utan omsyn til alder, kjønn og bakgrunn. Les meir på Arbeidsgiverportalen, https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
I samsvar med til offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkeran bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedd om ikkje å bli oppført på søkarlista. Du vil i så tilfelle bli varsla om dette.
Kari Kristiansen Mostraum, Kompetanserådgivar, +47 45633082
Grev Wedels Plass 1
0151 Oslo
Arbeidsgiver: Forsvarsmateriell
Referansenr.: 5125984563
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 25.05.2026
Forsvarsmateriell er Norges største offentlige investeringsaktør med en planlagt omsetning i 2026 på over 30 mrd. kroner. Forsvarsmateriell er en etat i forsvarssektoren som anskaffer og leverer materiell og tjenester til forsvarssektoren innenfor alle domener. Vår jobb er å bidra til et godt rustet forsvar. Forsvarsmateriell kjennetegnes av at vi leverer, er en god samarbeidspartner og videreutvikler oss.