Vil du arbeide med kompleks habilitering i spesialisthelsetenesta? Spennande fagstilling i Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO).
Habiliteringsavdelinga for vaksne (HAVO) er ein del av ReHabiliteringsklinikken, som òg omfattar Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) og Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering.
HAVO gir tenester til vaksne med medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetting. Fagfeltet er både spennande og variert, og har berøringspunkt mot fleire andre spesialområde. Oppfølginga av pasientar skjer ofte i tett samarbeid med kommunale tenester, pårørande, psykisk helsevern og andre einingar i spesialisthelsetenesta. Dei sentrale arbeidsoppgåvene i HAVO er utgreiing, rettleiing og behandling, samt vurdering og rådgiving i tråd med Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot personar med utviklingshemming og autismespekterforstyrringar, som i tillegg kan ha psykiske helseutfordringar og åtferd som utfordrar. Problemstillingane er ofte komplekse og samansette, og krev tett, tverrfagleg samarbeid – særleg med psykolog og overlege.
Vi søkjer vernepleiar eller annan relevant bachelorutdanna fagperson, helst med vidareutdanning innan psykisk helse eller åtferd som utfordrar. Det er ønskeleg med brei erfaring frå målgruppa, samt eit tydeleg engasjement for fag- og kompetanseutvikling. HAVO har lovpålagt ansvar knytt til oppfølging etter kapittel 9 i Helse- og omsorgstenestelova, og det er derfor viktig med god forståing for regelverk og praktisk lovanvending.
HAVO er samansett av eit tverrfagleg team med overlegar, psykologar, vernepleiarar, ergoterapeutar, pedagogar, fysioterapeutar og sekretærar. Vernepleiarane utgjer den største faggruppa. Vi arbeider både ambulant og poliklinisk, og disponerer eigne tenestebilar.
Avdelinga held til i Olav Bjordals veg 29 på Breistein, med gode parkeringsmoglegheiter. Hausten 2028 skal avdelinga flytte til nye lokale og samlokaliserast med resten av ReHabiliteringsklinikken på Nordås.
Stillinga er ledig frå 15.08.2026, eller etter avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Beate Kristin Lilleheil, Seksjonsleiar, 95197626
Olav Bjordals veg 29
5111 Breistein
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5118409828
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.