UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling ved Senter forvitskapsteori (SVT). Stillinga er for ei åremålsperiode på fire år.
I stillinga får du ein unik sjanse til å utvikle deg innan fagfeltet, bidra til ny kunnskap og delta i eit stimulerande akademisk miljø.
SVT er eit tverrfakultært senter med ti fast vitskapleg tilsette, tre postdoktorar og sju stipendiatar. Tilsette og stipendiatar forskar, underviser og formidlar innanfor fagområdet vitskapsteori, inkludert vitskapsfilosofi, vitskap- og teknologistudier (STS), forskingsetikk, ansvarleg forsking og innovasjon (RRI), og politisk filosofi.
SVT har ansvar for undervisning i vitskapsteori og etikk for ph.d.-kandidatar ved UiB i samarbeid med fakulteta. Vidare har senteret det faglege ansvaret for UiBs
Masterprogram i berekraft, og for dei tverrfaglege Danningsemna.Les meir om SVT og om vitskapsteori.
Vi inviterer deg til å utarbeide eit vitskapsteoretisk orientert forskingsprosjekt om grunnleggjande teoretiske og omgrepslege føresetnader for naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg, og/eller humanistisk forsking, inkludert praksisar der kunnskap frå desse forskingsområda vert teken i bruk (politikkutforming, teknologi, offentlege utgreiingar, kommunikasjon, media med meir.)
Prosjektet skal bidra både til vitskapsteori generelt og til vitskapsteoretiske grunnlagsproblem innanfor kunnskapsfeltet som prosjektet studerer. Prosjektplanen må klargjere det vitskapsteoretiske bidraget i prosjektet.
Prosjektplanen må vere fagleg velinformert om fagområdet eller kunnskapspraksisen som prosjektet fokuserer på, og om relevante forskingsmetodar.
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på fire år:
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte senterleiar Rasmus Slaattelid, e-post: rasmus.slaattelid@uib.no, telefon: 48224658.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.