I Seksjon for økonomi- og virksomhetsstyring er det ledig stilling som controllar. Seksjonen har ansvar for dei sentrale styringsfunksjonane i SSB, under dette verksemdstyring, økonomistyring og SSB sitt rekneskap.
Du får controllaransvar for ein eller fleire av våre avdelingar med tilhørande seksjonar, og samarbeider tett med leiarane i desse avdelingane. I tillegg bidreg alle controllarar i arbeidet med overordna økonomistyring av SSB. Du kan og få andre økonomirelaterte oppgåver.
Du er strukturert, systematisk og nøyaktig. Du må også kunne setje deg inn i problemstillingar, og føreslå alternative løysingar. Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner, tek initiativ og bidreg i vidare utvikling av SSB si økonomistyring.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som betyr at du får ei av Noregs beste pensjonsordningar og moglegheit til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår.
Heidi Rindal Jakobsen, Seksjonssjef, 932 42 832
Jernbaneplassen 12
2211 Kongsvinger
Arbeidsgivar: Statistisk sentralbyrå
Referansenr.: 5116585168
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.05.2026
Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for utvikling, utarbeiding og formidling av offisiell statistikk i Noreg. Statistikk, forsking og analyse frå SSB bidrar til innsikt om samfunnsutviklinga, dannar grunnlag for det offentlege ordskiftet og gir moglegheit for informerte avgjerder.
SSB er ein kunnskapsorganisasjon med fagleg utfordrande arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for utvikling. Vi har eit stort kontaktnett, også internasjonalt. Vi har 830 medarbeidarar lokaliserte i Oslo og Kongsvinger, i tillegg til intervjuarar over heile landet. Kompetente og motiverte medarbeidarar er avgjerande for at vi skal kunne nå målet om å vere den fremste leverandøren av fakta om norske samfunnsforhold.