Bu- og avlastningstenesta gjer tenester til menneske med utviklingshemming og andre funksjonshemningar. Eininga består av 5 bufellesskap, 5 bustader, avlastingstilbod og dagtilbod. Me gjer teneste til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, psykisk utviklingshemming, autismespekter diagnosar og samansetteutfordringar. Vår målsetting er å bidra til gode dagar ut i frå den einskilde sine eigne føresetnader, ynskjer og behov.
Hauge bustad har no ein ledig vikarstilling på 21,65 % storleik som vakande nattevakt med arbeid kvar 4. helg.
Stillinga er i forbindelse med foreldrepermisjon, og er ledig frå 1. august 2026 til 28.02.27.
Vi som arbeider ved Hauge bustad ønskjer oss ein ny kollega som både kan, vil og ønskjer å bidra med fagleg engasjement og omsorg. Det er viktig at du er ein trygg og roleg person som kan gje god omsorg til andre menneske, og er god på relasjonsbygging og kommunikasjon. Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg, ønskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg!
Personleg egnethet vil bli vektlagt.
Om du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.
Du har god skriftleg framstillingsevne og gode datakunnskapar.
Personlig egnethet vil verta vektlagt.
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.