Evanger barnehage søkjer engasjert barnehagelærar med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er i frå i haust 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande