I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.
Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.
Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.
Stillinga er kombinert mellom sjukeheim og heimesjukepleia, der du vil arbeida i team, saman med andre sjukepleiarar/vernepleiarar. Me jobbar for å rigga sjukepleiartenesta i team, og reindyrka sjukepleiaroppgåvene - for å sikra rett kompetanse til rett oppgåve. Du vil komme til å ha vakter der du er ein del av eit ambulant team, og vakter der du er ein del av den ordinære bemanninga i avdelingane.
Me søkjer deg med sjukepleiarutdanning til ein spanande arbeidskvardag, der pasient, fag og medarbeidarskap står i fokus! Stillinga har årsturnus med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakt på helg, og samla fri.
Dine oppgåver vil vera å gje hjelp og systematisk kartlegging av pasienten og oppfølging for å avdekkja forverring av tilstand. Du bør ha gode evner til å iverksette rett tiltak. Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging(NEWS2- score) behandlingsavklaring.
Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar, KAD seng ved Lærdal bu- og omsorgsheim. Stillinga vil også ha ansvarsvakter knytt til denne posten.
Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttids- og 18 langtidsplassar. I tillegg har me eige kjøkken, fysio/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre.
Heimesjukepleia yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 tenestemottakarar rundt om i bygda.
Me er om lag 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega!
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herI Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.