Voss sjukeheim er lokalisert under område vest, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon.
Område vest består av ei langtidsavdeling og ein kombinerande avdeling med heimeteneste og korttidsavdeling. Utlysinga gjeld for langtidsavdelinga på Voss Sjukeheim 3. og 4. etg. Turnus er to-delt med arbeid 3. kvar helg, evt 4. kvar helg i langvakter.
Tillitsmodellen ligg til grunn for vårt pasientarbeid. Me jobbar etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.
Personlege eigenskapar som vert vektlagt
Ta gjerne kontakt på tlf for spørsmål om stillinga! Søknadar vert handtert fortløpande.
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande