Dokumentasjonsavdelinga i Helse Bergen har som oppdrag å levere heilskaplege dokumentasjonstenester til helseføretaket. Avdelinga består av fire seksjonar med om lag 100 medarbeidarar. Som rådgivar i Dokumentasjonsavdelinga vil du vere ein del av Fagseksjon for papirforvalting og depot. Fagseksjonen har sju medarbeidarar og har ansvar for forvalting av papirarkiva til helseføretaket.
Mykje av det som blir teken hand om i seksjonen er eldre pasientjournalar i papirform. Fagseksjonen legg til rette for innsyn i eldre arkivsaker og sørgjer for å avlevere arkivmateriale til Nasjonalarkivet. Seksjonen har utvikla seg kraftig dei siste åra, og er framleis i utvikling. Det er difor naudsynt med ein rådgivar i et vikariat på eit år, med mogleigheit for forlenging. Du som blir tilsett må ha interesse for eldre papirarkiv og evne å finne løysingar med digitale verktøy.
Kjenner du på verdien av å ta vare på historia? Blir du motivert av moglegheita til å vere med å utvikle fagseksjonen vidare? Då kan du vere kandidaten vi er på jakt etter.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Irene Valvik Vågen, Seksjonsleiar, 55978423
Møllendalsbakken 7
5009 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5141222798
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 19.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.