UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAEin draumejobb for deg som nyfiken, omgjengeleg og liker å kommunisere!
Vil du jobbe med publikum ved Universitetsmuseet i Bergen? Vi har ledig fem (5) deltidsstillingar som kunnskapsvertar (konsulent 1065) knytt til Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling (AFF) frå juni 2026.
Nærare informasjon om museet:
https://www.uib.no/universitetsmuseetKunnskapsvertane bemannar Universitetsmuseet som ligg i Muséplassen 3. Museet inneheld utstillingar og areal som er eigna til museumsbasert forskingskommunikasjon, undervisning, og større arrangement. Universitetsmuseet er ein viktig møteplass for akademia og samfunn og avdelinga skal gjennom ulike format og metodar kommunisere frå den natur- og kulturvitskapeleg forskinga ved Universitetsmuseet og frå forskinga ved Universitetet i Bergen.
Kunnskapsvertar
Kunnskapsvertane er Universitetsmuseet sitt ansikt i møte med publikum. I rolla som kunnskapsvert skal du bidra til at dei besøkande får ei god og kunnskapsbasert oppleving når dei vitjar museet. Du vil få moglegheit til å førebu og gjennomføre ulike typar arrangement, undervisning for skuleverket, jobbe med butikk og gjere anna musealt arbeid som skal til for å skape ei flott museumsoppleving for dei som vitjar Universitetsmuseet, Muséplassen 3. Du vil få opplæring i det du treng for å fylla rolla som kunnskapsvert.
Stillingane lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje. Arbeidsdagar er i hovudsak tysdag til laurdag kl. 09:45-16:15 og søndag kl. 10:45-17:15.
Som kunnskapsvert må du pårekna at det vil bli ekstraarbeid etter avtale i samband med arbeid som førebuingar til og gjennomføring av undervisning for skuleverket, arrangement, utstillingar og anna. Det vil også bli ekstratimar etter avtale i form av helge- og kveldsarbeid med gjennomføring av arrangement og andre aktivitetar. Dersom museets opningstid vert endra, blir stillingsprosenten endra tilsvarande.
Kunnskapsvertane rapporterer til nærmaste leiar i Avdeling for forskingskommunikasjon og -formidling.
Intervju
Intervjuprosessen har to rundar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til gruppeintervju (20.-21. mai) der ein får prøve seg i ulike rollar som ein kunnskapsvert skal kunne meistre. Dei som går vidare etter denne runden vert kalla inn til eit individuelt intervju kort tid etter.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: vertsansvarleg Aisha Marie Heim, telefon 922 56 901, e-post: aisha.heim@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her