Vestland tannhelseteneste - Gaupne tannklinikk har ei ledig fast stilling som tannpleiar med startdato etter avtale.
Til stillinga ligg det eit rekrutteringstillegg på kr. 20 000 årleg som kjem i tillegg til vanleg lønn.
Gaupne er ein tettstad med ca. 1200 innbyggjarar, og er administrasjonssenteret i Luster kommune. Staden er omgitt av fjell og fjordar, og ligg i nærleiken av Jostedalsbreen, Sognefjellet, Jotunheimen og Urnes stavkyrkje, som er blant mange turistmål. Dei har eige badeland, idrettshall og kjøpesenter, og er ein rik kraftkommune. Frå Gaupne til Sogndal tar det ca. 30 minutt å køyre med bil. Gaupne tannklinikk ligg under Sogndal klinikkområde, og er ein klinikk for 2 tannlegar, 1 tannpleiar og 2 tannhelsesekretærar. Det er eit godt arbeidsmiljø og gode mogelegheiter for fagleg utvikling.
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Dorte Grønsberg, klinikkleiar (tannlege), +47 95204759
Øyagata 12A
6868 Gaupne
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5059868494
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.