Vi har spennande moglegheiter for deg som ønskjer å arbeide innanfor Miljøterapitenestai Vågå kommune denne sommaren!
Arbeidsperiode: 23.06.2026 -- 17.08.2026.
Ekstra honorar blir utbetalt til dei som fullfører ferievikariat eller sommararbeid.
I Miljøterapitenesta arbeider vi med menneske både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming. Vi legg vekt på målretta miljøarbeid slik at kvar enkelt brukar kan oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar. Arbeidsoppgåver vil vere:
Miljøarbeid og praktisk bistand
Aktivisering og rettleiing
Turnusarbeid
· Vil arbeide med folk og bidra til meistring og trivsel
· Er fleksibel, ansvarsbevisst, samarbeidsvillig og har godt humør
· Fortrinnsvis kan arbeide i heile perioden (ønskje om eventuelle fridagar i perioda opplysar du om i søknaden)
· Har eit hjarte for menneske og eit auge for gode løysingar.
· Kommuniserer godt på norsk bade munnleg og skriftleg (minimum nivå B1).
· Har plettfri vandel og kan levere politiattest.
· Førarkort klasse B er ein fordel
· Erfaring er fint, men ikkje nødvendig
· Helse-/sosialfagleg utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
· Du får ein jobb der du faktisk gjer dagen betre for andre.
· God opplæring og støtte frå dyktige kollegaer.
· Varierte oppgåver og eit inkluderande arbeidsmiljø.
· Bonusordning etter fullført vikariat.
· Bur du ikkje i området? Sei frå så sett vi deg i kontakt med moglege overnattingsmoglegheiter.
Søknad skal sendast på elektroniske søknadsskjema .Vedlegg til søknaden kan sendast som vedlegg til elektronisk skjema eller som e-post tilpostmottak@vaga.kommune.no.
**Søknadsfrist:**Vi tilsetjer fortløpande fram mot sommaren.
Spørsmål?
Kontakt avdelingsleiar Live Stormyr tlf: 488 57 517 eller e-post: live.stormyr@vaga.kommune.no
Vågå kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Merk: Søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i så fall bli varsla på førehand.
I Miljøterapitenesta, i Vågå kommune, arbeider vi med menneske både over og under 18 år med psykisk utviklingshemming. Vi legg vekt på målretta miljøarbeid slik at kvar enkelt brukar kan oppleve meistring i daglege gjeremål og aktivitetar.