Ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver ved Konfliktrådet i Trøndelag, kontorstad Steinkjer Konfliktrådet er ein trygg møteplass for menneske som står på kvar si side av eit lovbrot, ei uønskt hending eller ein konflikt. Konfliktrådet forvaltar straffereaksjonane ungdomsstraff, ungdomsoppfølging og oppfølging i konfliktråd, og har eit særleg ansvar for unge i konflikt med lova. Konfliktrådet er ein del av strafferettspleia og er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Sekretariatet for konfliktråda har det faglege og administrative ansvaret for dei 12 konfliktråda i landet. For meir informasjon om konfliktråda og tenestene våre, sjå www.konfliktraadet.no. Konfliktrådet i Steinkjer har kontor i sentrum. Konfliktrådet i Trøndelag har totalt 12 tilsette fordelte på Trondheim og Steinkjer, samt 35 oppnemnde meklarar. Kontoret har ungdomskoordinatorar med hovudansvar for straffegjennomføring i ungdomssaker og rådgivarar med hovudansvar for meklingssaker. Vi er eit felles kollegium som samarbeider, avlastar kvarandre og delar erfaringar og fagkunnskap. Om stillingaKvalitet, nytenking og tru på mennesket – kjenner du deg igjen i verdiane våre? Vil du vere ein del av eit viktig samfunnsoppdrag som har stor betydning for livet til enkeltmenneske? Konfliktrådet med kontorstad Trondheim søkjer no etter ein ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver. Her får du høve til å vere med og utgjere ein forskjell for menneske i konflikt og skape positiv endring for ungdom som har begått kriminalitet.
Stillinga som ungdomskoordinator er ei lovregulert rolle med ansvar for gjennomføring av dei strafferettslege reaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging, jf. konfliktrådslova kapittel IV.
Som ungdomskoordinator skal du setje saman og leie eit oppfølgingsteam rundt ungdommen og utarbeide ein ungdomsplan med tiltak som ungdommen forpliktar seg til å følgje. Dette arbeidet skjer i tett samarbeid med ungdommen, ungdommen sin verje, privat nettverk og offentlege instansar som politi, barnevern, skule, kriminalomsorg og helsetenester. Du må meistre og trivast med å arbeide i skjeringspunktet mellom straff og hjelp.
Som ungdomskoordinator har du vidare ansvar for å leie lokale koordineringsgrupper som bistår påtalemakta i vurderinga av om ungdomsreaksjon er eigna for den enkelte ungdommen. Gjenopprettande prosess er eit viktig element i straffereaksjonane, og du skal bidra til at det vert arbeidd gjenopprettande gjennom heile straffegjennomføringa.
Du vil som ungdomskoordinator med rådgivaroppgåver bidra til konfliktrådet sine øvrige oppgåver gjennom saksbehandling av meklingssaker, fagleg oppfølging av meklarar og rettleiing i bruk av gjenopprettande prosess. Stillingen inneber også å svare på brukarhenvendingar, drive utadretta verksemd, bidra til fagutvikling og delta i planlegging og gjennomføring av arrangement.
Kvalifikasjonar- Det er krav om fullført utdanning på bachelornivå.
- Du må ha minimum to års relevant arbeidserfaring, til dømes erfaring frå arbeid med barn eller ungdom, sosialt arbeid, kriminalitetsførebygging eller straffegjennomføring.
- Du må ha kunnskap om og erfaring med å skape positiv endring hos barn og ungdom.
- Erfaring med og kjennskap til offentleg forvaltning og saksbehandling vil bli tillagt vekt.
- Erfaring med rettleiing, tverrfagleg samarbeid og relasjonsbygging med eksterne aktørar er ein fordel.
- Du må ha førarkort.
Personlege eigenskapar- Du har gode samarbeidsevner.
- Du har god kommunikasjonsevne og evnar å snakke med både ungdom og vaksne om vanskelege tema.
- Du har evne til å motivere for endring.
- Du evnar å arbeide sjølvstendig og samstundes vere ein god lagspelar.
- Du har stor arbeidskapasitet og evne til å stå i krevjande saksarbeid over tid.
- Du arbeider sjølvstendig, er strukturert, fleksibel og kreativ.
Stillinga krev framlegging av utvida politiattest utan merknader.
Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd.
Vi tilbyr- Løn som rådgivar i stillingskode 1434, i lønsspennet kr 620 000–700 000, avhengig av kvalifikasjonar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstidsordning.
- Høve til trening i arbeidstida.
GenereltKontorstad er Steinkjer, men stillinga inneber oppgåver i heile Konfliktrådet i Trøndelag sitt ansvarsområde. Du må rekne med noko reiseverksemd, og det er ein fordel om du disponerer eigen bil. Arbeid utanfor ordinær kontortid vil kunne førekome, då enkelte møte vert gjennomførte på ettermiddag og kveld.
Tilsette i staten skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Søkarar med nedsett funksjonsevne, overtalsattest i staten eller hol i CV-en, men som elles fyller kvalifikasjonskrava til stillinga, vert oppmoda til å søkje.
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte konfliktrådsleiar Hege Levidatter Hansen på telefon 95 97 38 90.
Søknadsfrist:
18. mai 2026. Vi ber om at vitnemål, karakterutskrifter og relevante attestar vert lasta opp som vedlegg til søknaden.