Stad kommune har ledig ei 100 % fast stilling og eit 100 % vikariat som barnehagelærar i Leikvang barnehage.
Leikvang barnehage ligg på Leikanger, Stadlandet. Det er gangavstand til skule, fotballbane og andre fritidsområde. Naturen har vi rett utanfor barnehagen, med kort veg til både fjell og fjøre. Barnehagen har tre avdelingar; ei småbarnsavdeling med barn 1-3 år og to storbarnsavdelingar med born 3-5 år. Det er om lag 58 born og 15 tilsette i barnehagen.
Vil du være med å skape ein trygg, lærerik og inspirerande kvardag for barna? Vi søkjer deg som brenner for leik, læring og relasjonsbygging, og som ønsker å bidra til eit inkluderande og godt barnehagemiljø.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden. Vi ønskjer at du oppgir referansar.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Har du spørsmål om barnehagen kan du ta kontakt med styrar Evy Henriette Hagen på tlf: 90 96 37 35.
Evy Henriette Hagen, styrar Leikvang barnehage, 90963735, evy.henriette.hagen@stad.kommune.no
Fv620 100
6750 Stadlandet
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5141302504
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.06.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!