UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi søkjer ein engasjert og fagleg sterk kandidat til ei åremålsstilling (ekstraerverv, 20 prosent) som førsteamanuensis II i amerikansk litteratur ved Institutt for framandspråk. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Planlagd oppstart er 1. august 2026 eller etter avtale.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Engelsk er det største faget ved instituttet med fjorten fast vitskapleg tilsette og fleire stipendiatar. Stillingane fordeler seg på disiplinane litteratur (amerikansk og britisk), lingvistikk og fagdidaktikk.
Den som får stillinga, vil ha ansvar for rettleiing av masterstudentar med masteroppgåva i tillegg til noko eksamensarbeid (skriftleg og munnleg sensur). Andre faglege og administrative oppgåver kan bli lagt inn i stillinga innanfor ramma av stillingsprosenten.
Undervisningsspråk er engelsk og norsk.
Det blir lagt vekt på gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og til å engasjere studentar i læringsprosessen. Personlege eigenskapar blir vektlagd i vurderinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein følger gjeldande retningslinjer.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte fagkoordinator Astrid Haas for engelsk litteratur, 55 58 51 69 eller e-post astrid.haas@uib.no, eller felles fagkoordinator for engelskfaget Bente Hannisdal, 55 58 31 23 eller e-post bente.hannisdal@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.