Medisinsk heimebehandling (MEDHB) har ledig 40% midlertidig stilling som saksbehandlar.
Vi er organisert som ein seksjon under Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) i Medisinsk klinikk.
Vi er eit tverrfagleg miljø på 10 personar som held til på sentralsjukehuset i Førde.
I Sogn og Fjordane er det omlag 7000 pasientar som får medisinsk heimebehandling. Seksjonen har som hovudoppgåve å koordinere heimebehandlinga, som ei forlenging av behandlinga i sjukehuset. Vi er samansett av roller som sakshandsamar, medisinsk teknisk, logistikk og transport, og jobbar tett med dei kliniske avdelingane i sjukehuset.
Det er ledig 40% stilling som saksbehandlar til 31/12-2026. Det er moglegheit for forlenging eller fast stilling.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Rune Kirkebø, Seksjonsleiar, +47 952 49 405
Svanehaugvegen 2
6812 FØRDE
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5142876937
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 22.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.