Vil du være med å utdanne framtidas maritimeleiarar og bidra til utviklinga av maskinoffiser og dekksoffiserutdanninga?
Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillinga for deg! Studiestaden vår i Måløy søkjer
ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.
Med over 2100 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største offentlege fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens dekksoffiser og maskinoffiserer. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø.
Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Avdelinga i Måløy har eit utviklings orienter og triveleg arbeidsmiljø. Studia er heiltid og går over 2 skuleår. Utdanninga er i hovudsak lokalisert til Måløy, men stillinga vil og kunne krevje at ein underviser enkelte andre steder. Til saman er det over 60 studentar ved utdanningane og 10 tilsette ved avdelinga.
gjeldande studieplan og forskrifter
gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen
skoleferiane
Einar Folkestad, Utdanningsleiar , 41530692, einar.bjarne.folkestad@vlfk.no
Nordfjordvegen 9081
6718 Deknepollen
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5121083146
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.