Ein av våre tannlegar skal ut i barselspermisjon, og vi søkjer derfor tannlege til vikariat i ein travel og veldreven tannlegepraksis på Manger i Alver kommune.
Dette er ein fin moglegheit for deg som ønskjer å jobbe i ein variert og travel praksis , berre om lag ein times køyretur frå Bergen sentrum . Det er også gode bussforbindelsar til Manger.
Vi held til i moderne og velutstyrte lokaler med:
4 behandlingsrom
OPG
Scanner
oppdatert og moderne utstyr
Teamet vårt består av to tannlegar, ein tannpleiar og to sekretærar, og vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kvalitet i behandlinga.
Ønskeleg med 3--5 dagar i veka
Oppstart etter sommarferien
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale
Moderne klinikk
Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
Det kan vere mulighet for forlenga engasjement etter at vikariatet er avslutta.
Har norsk autorisasjon som tannlege
Jobbar sjølvstendig og strukturert
Har fokus på god pasientbehandling og kvalitet i arbeidet.
Bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Liten tannlegepraksis på Manger i Alver Kommune. Moderne, velutstyrte og pene lokaler. 4 behandlingsrom.