Sjåføra kl C og CE
Vi søkjer etter sjåføra med kl.CE til krokbilkjøring for diverse oppdrag med utgangspunkt på Voss. Sjåføren med kl CE - skal køyra semitrailer på ruta: Bergen - Voss - Haugastøl - Bergen. Sjåførane må ha YSK.
Klasse C-sjåføren skal køyra stykkgods ut i frå terminal på Voss og til kundar på Voss eller Hardanger.
Frammøteplass for sjåføren er Voss.
Fast stilling.
Semitraileren startar på Voss om kvelden og køyrer til Haugastøl/Borlaug for bytte av tralle. Køyrer så tilbake til Bergen om natta. Etter lossing på terminal i Bergen returnerer semitraileren evt. tilbake til Voss.
Sjåføra som vil jobba deltid, kan også vera av interesse for oss.
Du trivst i eit hektisk og godt arbeidsmiljø, og du må kunna norsk munnleg og skriftleg.
Spørsmål om stillingane kan rettast direkte til dagleg leiar: Kim Andre Steffensen Olsnes, tlf 46746726
Skriftleg søknad med CV og referanse kan sendast på E-post til: kim.andre@olavrogne.no
Søknadsfrist: snarast. Søknader vert behandla fortløpande.
Olav Rogne AS er ein transportforretning som er stasjonert på Voss. Vi driv transportarbeid hovedsakleg i Vestland Fylke. I dag er vi 35 tilsette og held til på Palmafossen på Voss. Vi har 29 lastebilar i dagleg drift og har eigen verkstad. Olav Rogne AS er godkjend opplæringsverksemd innan yrkessjåførfaget.