Sande kommune har fokus på å levere gode tenester til innbyggarane. Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. Totalt har kommunen omlag 225 elevar og 50 tilsette.
Gursken oppvekstsenter består av skule og SFO, og er ein viktig møteplass i lokalsamfunnet. Vi søker ein dyktig og engasjert rektor som har interesse og ambisjonar for å utvikle skulen i samarbeid med tilsette, elevar og føresette. Stillinga er ledig frå 01.08.2026. Som rektor i Sande kommune vil du vere ein del av oppvekst- og kultursektoren si leiargruppe. Du vil ha eit tett samarbeid med den tverrfaglege ressursgruppa og kommunen sine stab- og støttefunksjonar (økonomi, HR og kommunikasjon).
Pågåande skulestrukturarbeid:
Sande kommune er inne i ei utgreiing knytt til framtidig skulestruktur. Saka skal politisk handsamast i løpet av våren. Dette kan medføre endringar i organisering og administrasjon. Tilsetjing i denne stillinga skjer på desse vilkåra, og det må påreknast at ansvarsområde kan endre seg. Interne søkarar vil bli vurderte i prosessen. Meir informasjon gis i intervju.
Rektor har ansvar for å leie skulen sitt heilskaplege arbeid med å utvikle eit trygt, varmt og inkluderande skule- og læringsmiljø.
Som rektor for eininga vil du ha det overordna pedagogiske ansvaret, i tillegg til personal- og økonomiansvar gitt i høve delegasjonsreglementet. Rektor har som sine hovudoppgåver å støtte dei tilsette i det daglege arbeidet, leige inn vikarar i høve fråvær, følge opp økonomi og planlegge utvikling ilag med sektoren si leiargruppe og andre ressurspersonar.
Søkarar utan leiarutdanning kan vurderast om ein forpliktar seg til å gjennomføre dette.
Vi ønsker ein rektor som kan leie, engasjere og skape gode rammer for både elevar og tilsette i skulen. Dette gjennom å vere lyttande og løysningsorientert. Du må trivast i eit hektisk miljø og samtidig kunne vere strukturert i høve eigen kvardag. Som rektor vil du samhandle med både elevar, foreldre, tilsette og andre. Det er difor viktig med god relasjonskompetanse, samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar. Vi ser etter deg som har interesse for leiing, utvikling, kultur, som kan skape samhald og bygge fellesskap. Du må ha god økonomisk forståing og kjennskap til lov og avtaleverk. Du har evne til å tenke heilskapleg, jobbe langsiktig og har gjennomføringskraft.
Du må elles ha gode digitale kunnskapar.
I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.
Lilly-Arlen Kvalsund, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 93221131
Vågen 10
6082 Gursken
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5094848980
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.